Skalla: Kan ein ha det kjekt sjølv om ein er sjuk?

SKALLA er ei morosam, magisk og litt trist bok om vennskapet mellom to tøffe jenter på ei barnekreftavdeling. No kan du møte både boka og forfattaren.

I denne produksjonen møter du forfattar Randi Fuglehaug, som les historia, viser illustrasjonane frå boka og opnar for samtale: Kva kan ein gjere for vener som har det vanskeleg? Kan ein ha det kjekt sjølv om ein er sjuk?

Det finst svært mange bøker om å gå til legen eller få gips på foten, men det finst lite litteratur om å bu på sjukehus i lengre periodar. Gjennom å lese bildeboka SKALLA og stille relevante spørsmål frå teksten, ønsker Randi Fuglehaug å prate med elevar frå 1. til 4. klasse om alvorlege tema som sjukdom, kreftbehandling og død, men også om kor viktig leik kan vere og kva det vil seie å vere ein god ven.

I SKALLA møter vi Iben, som skal få cellegiftbehandling for første gong. Ho vil helst ikkje bli kjent med nokon andre på sjukehuset – ho vil berre bli frisk og kome seg tilbake til det vanlege livet sitt så fort som mogleg. Og ho gruar seg veldig til å miste det lange håret ho har spart så lenge. Då Iben møter Skalla-Malla, ei litt brysk, pågåande og mystisk jente som aldri dekker til hovudet sitt med verken lue eller parykk, blir ho først skeptisk. Men Skalla-Malla viser Iben ei hemmeleg verd på sjukehuset: magiske rom der det ikkje spelar nokon rolle om ein er frisk eller sjuk, og der ein ikkje alltid veit kva som er fantasi og kva som er verkelegheit.

SKALLA kom hausten 2018 ut på Samlaget til gode kritikkar. Hausten 2019 vart boka brukt i «Bok på 1-2-3», Nynorsksenteret sitt tverrfaglege undervisningsopplegg. Fuglehaug har sjølv fått tilbakemeldingar frå både barn, foreldre og lærarar om at boka på ein tilgjengeleg og ufarleg måte oppmodar til å snakke om ting ein elles ikkje tar opp så ofte i kvardagen.

Dei fleste kjenner nokon som er eller har vore alvorleg sjuk, og hennes erfaring er at barn både har glede og nytte av å reflektere over tema knytt til dette. Fuglehaug vil gjerne bidra til meir av denne typen refleksjon gjennom Den kulturelle skulesekken – i tillegg til å gi elevane ei underhaldande lesestund.

Dato:
23. oktober 2020
Tidspunkt:
11.30
Sted: Rørvik skole,
Adresse:
Rørvik skole, Skolegata, Rørvik, Norge
googlemap

Her opptrer disse utøverne